Palmeolje

From Wikipedia, the free encyclopedia

Palmeolje
Remove ads

Palmeolje er ein type vegetabilsk olje vunne ut frå frukta til visse palmar, særleg afrikansk oljepalme (Elaeis guineensis), men også Elaeis oleifera og Attalea maripa. Ho blir brukt som næringsmiddel, til reingjeringsprodukt og kosmetikk og kan også brukast til å laga biodiesel.

Thumb
Raud palmeolje i ei panne.
Thumb
Raffinert palmeolje.

Palmeolje og kokosolje er av dei få vegetabilske oljene som inneheld ein relativt stor del metta feitt, særleg palmitinsyre. Eit anna viktig stoff i palmeolje er oljesyre.

Olja er naturleg raudleg av farge fordi ho inneheld store mengder betakaroten, eit fargestoff som blir omdanna til A-vitamin i kroppen. Handsaming av olja, som raffinering og bleiking, kan fjerna lukt og farge frå produktet.

Remove ads

Produksjon

Palmeolje er ei av dei mest produserte vegetabilske oljene i verda. Indonesia og Malaysia er dei største produsentlanda.[1] Stadig fleire land har sats på produksjon av palmeolje både til ernæring og for biodrivstoff.[2] Paradoksalt nok har auka fokusering på biodrivstoff som eit miljøvennleg alternativ til petroleumsprodukt ført til avskoging av regnskog og drenering av torvmyrer.[3]

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads