Paperlate

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Paperlate» er ein song av det britiske rockebandet Genesis. Songen vart først gjeven ut på EPen 3 X 3 i 1982. EPen nådde 10. plass på albumlista i Storbritannia i 1982. Suksessen til EPen førte til at bandet fekk spele på Top of the Pops. I Amerika vart «Paperlate» gjeven ut som ein vanleg singel med «You Might Recall» som B-side. Han var òg med på den amerikanske versjonen av albumet Three Sides Live i lag med resten av songane frå 3 X 3.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Historie

Tittelen kom frå ein linje i Genesis-songen «Dancing with the Moonlit Knight» frå 1973 («Paper late, cried a voice in the crowd»), som Genesis øvde på under ein lydsjekk, noko som førte til starten på denne songen. «Paperlate» er ein av to songar av Genesis med blåserekkja frå Earth, Wind & Fire. Den andre er «No Reply At All frå Abacab.[1] Collins har ofte nytta blåserekkja for sine soloprosjekt, mellom andre soloalbumet Face Value.[2] Det vart laga ein musikkvideo for singelen som nytta opptak frå Top of the Pops.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads