Paradis i Stavanger

From Wikipedia, the free encyclopedia

Paradis i Stavanger
Remove ads

58°57′40.345″N 5°44′41.658″E

Kjappe fakta Land ...

Paradis er namnet på eit område som ligg like sør for Stavanger sentrum. Det ligg mellom bydelane Våland og Storhaug i Stavanger, i skråningen frå Storhaug ned til Hillevågsvatnet. Området blei første gong nemnt med dette namnet i 1686.[1][2] Det har gjeve namn til gatene Paradisveien og Paradissvingen og til Paradis stasjon på dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes.

Remove ads

Historie

Paradis var ein del av Hetland prestegard, og før det ein del av ødegarden Eikanes under Hetland. Området var ikkje dyrka på 1600-tallet, men leid ut til Lagård som beite.[3] Det blei betalt ei årleg leigeavgift på to pund korn[4][5] I Paradis var det ei naturljeg kjelde som blei kalla Paradiskilden. Husmennene på plassen Storhaug fekk henta vatn her.[6]

I 1825 blei Paradis festa til Iver Svendson Oftedal i hans levetid.[7] I 1837 blei Paradis gjort om til eit arvefeste.[8] I 1847 brant bygningene på Paradis ned.[9] Eigedommen blei delt då fru Tausan skilde ut ein del av eigedommen til klokkaren før 1867.[10] Paradis høyrde til Hetland herred før det blei ein del av Stavanger ved byutvidinga i 1866.

Frå 1870-talet blei området stykka opp i mindre tomter til eit bustadstrøk.[11] Frå denne perioden finst fleire villaer i sveitserstil. Dei sørvestvendte bakkane med utsyn over Hillevågsvatnet gjorde staden til eit fornemt strøk både då og seinare.[12]

Frå 2007, då Stavanger godsterminal blei flytta til Ganddal, byrja ein bruka namnet «Paradis» også om området langs vestsida av Hillevågsvatnet. Det blei planlagd ei omfattande byutvikling frå nye Paradis stasjon på dobbeltsporet mot Sandnes til Lagård gravlund. Det blei planlagd å byggja ut eit areal på totalt 100 dekar til parkar, grøntområde, strandpromenade og ny vegtilknytying. Ein gjekk etterkart vekk frå planane då Jernbaneverket, som eig eigedommen, ikkje ville flytta driftsbanegarden sin.[13]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads