Paralyzed av Elvis Presley

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Paralyzed» er ein song frå 1956 av Elvis Presley for albumet Elvis. Songen vart spelt inn 2. september 1956 og har fått mykje god omtale av moderne musikkritikarar.[1] Songen vart hovudsakleg skriven av Otis Blackwell, men Elvis vart oppført som låtskrivar for bidraga sine til den endelege songen. Det var sjeldan Elvis Presley vart oppført som låtskrivar, men stundom omarbeidde han songane nok til at dette skjedde.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Lister

«Paralyzed» nådde 59. plassen på Billboard pop-lista i 1956. Songen vart gjeven ut på ein EP i USA kalla Elvis Volume 1 den 19. oktober 1956.

I Storbritanna nådde «Paralyzed» 8. plassen i august 1957 og låg ti veker inne på lista.[2]

Album

Elvis Presley framførte songen 1956 under Million Dollar Quartet-innspelinga og på konsertar i 1956. Eit konsertopptak finst i plateboksen The Young Man with the Big Beat og på samleplatene The Million Dollar Quartet og The Complete Million Dollar Quartet. Songen vart framført 16. desember 1956 på Louisiana Hayride.[3]

Medverkande

Songen vart spelt inn i Radio Recorders i Hollywood i California, og var produsert av Steve Sholes med lydteknikaren av Thorne Nogar.

Musikarar:

Andre innspelingar

Dave Edmunds spelte inn songen i 1986 på konsertalbumet I Hear You Rockin'.[4] Ronnie McDowell, Graham Parker, Johnny Earl and The Jordanaires, Alan Merrill og Billy Fury har òg spelt inn songen.[5]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads