Paris Hilton
amerikansk modell og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paris Whitney Hilton (fødd 17. februar 1981) er ein amerikansk modell og skodespelar, kjend som ein av arvingane til Hilton-formuen. Ho voks opp i toppetasjen på Waldorf-Astoria Hotel på Manhattan.
Remove ads
Familie
Paris Hilton er dotter til Rick og Kathy Hilton, og har blant anna ei yngre syster, Nicky, fødd 1983.
Oldefar til Paris Hilton, Conrad Hilton, kjend som grunnleggjaren av hotellkjeda Hilton Hotels Corporation, var son av norskamerikanaren Augustus Halvorson «Gus» Hilton som emigrerte til USA frå slektsgarden ved Kløfta på Romerike i 1870. Elles har ho hovudsakleg tysk opphav.
Karriere
Paris byrja som modell etter high school, då ho var 19. I 2003 debuterte ho på fjernsyn i reality-serien The Simple Life, der Hilton og Nicole Richie, dotter av Lionel Richie, som bytta dei priviligerte liva sine mot «det enkle livet» med ein bondefamilie i første serien, ein campingvogntur i den andre, og reiser med Greyhoundbuss rundt i USA for å prøva ulike jobbar i den tredje.
I 2006 prøvde Paris Hilton seg som popsongar. Førstesingelen Stars Are Blind gjorde det godt på fleire topplister, og i august 2006 gav ho ut albumet Paris, som fekk ei blanda mottaking.
Remove ads
Privatliv
Paris Hilton var allereie før realityrollene sine blitt kjend på grunn av rikdommen sin og fleire skandalar. Internett-spreiinga av ein privat sexvideo med henne og den tidlegare kjærasten Rick Salomon i oktober 2003, like før byrjinga av The Simple Life, fekk mykje merksemd.
Den 5. mai 2007 blei Hilton dømd til 45 dagars fengsel for å ha køyrt bil sjølv om ho allereie tidlegare var blitt frådømt sjåførløyvet. Straffa blei seinare redusert til 23 dagar. Etter å ha sona tre dagar i fengsel blei soninga omgjort til husarrest, for så å endrast til fengselsstraff igjen.
Hilton er også kjend for å ha mange små hundar, «tekopp-» eller «veskehundar», som ein yorkshireterrier og chihuahuaen Tinkerbell.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads