Parma FC
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Parma Football Club er ein fotballklubb i Parma i regionen Emilia-Romagna i Italia. Klubben, som spelar i Serie A, vart stifta i 1913 med namnet Verdi Foot Ball Club. I 1968 skifta klubben namn til Parmense, og rykte som Parma i 1990 opp i Serie A for aller fyrste gong.
Parma hadde si stordomstid i åra 1992-2002, då meieriet Parmalat brukte mykje pengar på klubben. I denne perioden vann klubben Cupvinnarcupen i 1993 og UEFA-cupen to gongar, 1995 og 1999. Parma vann også den nasjonale cupen, Coppa Italia, tre gongar (1992, 1999 og 2002). Derimot lukkast laget ikkje å verte italienske seriemeistrar, anedreplassen i 1997 er klubbens fremste prestasjon i Serie A. Etter at Parmalat gjekk konkurs i 2003 var Parma FC under administrasjon til januar 2007.
Klubben har sidan 1923 spela heimekampane på 27 906-sete store Stadio Ennio Tardini. Laget spelar i kvite drakter med ein svart kross på trøyene.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Parma F.C.» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juni 2013.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads