Partegora

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Partegora (italiensk Isolina Partegora, lokalt kalla Isulin) er ei lita øy i bukta Angera i Maggioresjøen i Italia. Ho er den einaste øya i innsjøen som ligg i regionen Lombardia. Det meste av kystlinja består av myraktig kratt, men det er ei sandstrand på sørsida av øya.

I følgje segna skal helgenane Giuglio og Giuliano ha stoppa på øya. Eit anna segn fortel at det var på Partegora at Arialdo Alciato, diakonen frå Milano og den reformvennlege patarinen, vart martyrdrepen i 1076 etter ordre frå erkebiskop Guido da Velate. I 1776 oppdaga Alessandro Volta sumpgass eller metan her.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads