Patagoniasteppa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Patagoniasteppa
Remove ads

Patagoniasteppa eller patagoniaørkenen, er ein økoregion og eit tørt landskap i sørlege Sør-Amerika.

Kjappe fakta Land, Areal ...

Regionen ligg hovudsakleg i Argentina og grensar til Andesfjella i vest og Atlanterhavet i aust, innanfor Patagonia i det sørlege Argentina og delar av Chile. Vest for Andes ligg magellanske subpolare skogar. I nord går ørkenen gradvis over i Cuyo-regionen og argentinsk monte. Dei sentrale delane av steppa er dominerte av busk- og urteaktige plantar, medan buskane i vest, der de er meir nedbør, blir erstatta av gras. Topografisk består økoregionen av vekslande platå og fjellmassiv, som er gjennomskorne av elvedalar og canyonar. Dei vestlege delane av steppa husar innsjøar av glasialt opphav og går gradvis over i karrige fjell eller kalde tempererte skogar langs dalane.

Steppa har vore busett av jegerar og sankarar sidan før-spanske tider. På 1800-talet migrerte argentinarar, walisarar og andre europeiske folkegrupper til området, og transformerte det frå ei konfliktfylt grensesone til ein integrert del av Argentina, der husdyrhald av storfe, sau og hest vart dei viktigaste bruksområda for jorda.

Den patagoniske steppa har eksistert sidan mellommiocen (for 14–12 millionar år sidan) og oppstod som følgje av at Andesfjella reiste seg i vest.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads