Patrick Simmons

amerikansk songar og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Patrick Simmons
Remove ads

Patrick Simmons (fødd 19. oktober 1948)[1] er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som medlem av rockebandet The Doobie Brothers. Han var fødd i Aberdeen i Washington, og har vore det einaste konstante medlemmet i bandet. Simmons skreiv og song mange av songane for The Doobie Brothers, inkludert «South City Midnight Lady», «Dependin' On You», «Echoes of Love», «Wheels of Fortune» og «Black Water», som var den første songen deira som gjekk til topps på singellista i USA.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

The Doobie Brothers vart opphavleg oppløyst i 1982, hovudsakleg fordi Simmons valde å forlate gruppa og sidan han då var det einaste originale medlemmet som var att. I 1983 gav Simmons ut det første soloalbumet sitt, Arcade, på Elektra Records. Dette gav han den einaste topp 40-hitten hans, «So Wrong»,[2] som nådde 30. plassen på Billboard Hot 100. «So Wrong» vart òg ein overraskande hit på den amerikanske dance/disco-lista, der han nådde åttandeplassen.[3] I 1998 gav Simmons ut det andre soloalbumet sitt, Take Me to the Highway.

Remove ads

Diskografi

Soloalbum

  • 1983 - Arcade
  • 1995 - Take Me to the Highway

Solosinglar

  • 1983 - «So Wrong»
  • 1983 - «Don't Make Me Do It»

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads