Patti Austin

amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Patti Austin
Remove ads

Patti Austin (fødd 10. august 1950) er ein amerikansk R&B-, pop og jazzsongar. I 2008 vann ho Grammyprisen for beste jazz-vokalalbum.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Ho debuterte som songar berre fem år gammal og var ein protesjé for Dinah Washington og Sammy Davis jr.. Ein singel frå 1969 for United Artists kalla «Family Tree» nådde top 50 på R&B-lista. Austin spelte inn debutalbumet sitt, End of a Rainbow i 1976, etterfølgd av Havana Candy i 1977 og Body Language i 1980. Ho song vokal for den japanske kotospelaren Yutaka Yokokura på «Love Light» i 1978, gjorde ein duett med Michael Jackson på «It's the Falling in Love» frå Off the Wall, og song «The Closer I Get to You» på albumet til Tom Browne i 1979. Austin song duett med George Benson på «Moody's Mood for Love» i 1980. Ho song korvokal for Houston Person, Noel Pointer, Ralph McDonald, Angela Bofill og Roberta Flack.

Austin song vokal for Quincy Jones på albumet The Dude i 1981 og var med på hitten «Razzamatazz». Ho skreiv så ein platekontrakt med Jones sitt Qwest, og gav ut Every Home Should Have One i 1982, som inneheldt den store hitten «Baby, Come to Me», som vart mykje spelt i såpeoperaen General Hospital. Oppfølgjaren «How Do You Keep the Music Playing», vart kjenningsmelodien for filmen Best Friends. På begge songane song Austin med James Ingram. Ho fortsette å spele musikk for Qwest gjennom 1980-åra, men fekk ikkje like stor suksess, trass i fleire topp-produsentar, som Jam & Lewis i 1985. Austin flytta til selskapet GRP i 1990 og spelte inn Love Is Gonna Getcha med singlane «Through the Test of Time» og «Good in Love». Ho spelte så inn Carry On og Live i 1991 og 1992. Street of Dreams følgde i 1999 og On the Way to Love kom sommaren 2001. Hyllesta til Ella Fitzgerald, For Ella, kom ut våren 2002. Nesten fem år seinare gav ho ut Avant Gershwin og i 2011 kom Sound Advice, produsert av Greg Phillinganes.

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

Meir informasjon År, album ...

Konsertalbum

Meir informasjon År, Album ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Gjestartist

Med Lalo Schifrin

  • Black Widow (CTI, 1976)

Med Michael Jackson

  • Off the Wall (Epic, 1979)
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads