Paul Chaffey
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paul André Chaffey (fødd 10. juli 1965) er ein norsk politikar frå Bærum i Akershus. Han var i åtte år stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV), melde seg seinare inn i partiet Høgre.
Chaffey var 1988-90 leiar i Sosialistisk Ungdom. I 1989 vart han vald inn i Stortinget frå Akershus som representant for Sosialistisk Venstreparti, attvald 1993. I den fyrste tingbolken var han medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen, i den andre sekretær i Energi- og miljøkomiteen. Han melde seg ut av SV i 1997.
1998-2001 hadde Chaffey leiande stillingar i Statoil. Frå 2001 til 2013 var han administrerande direktør i Abelia, ei avdeling under Næringslivets Hovedorganisasjon. Perioden 2013-21 var han statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, eit departement leia høvesvis av Høgre-politikarane Jan Tore Sanner, Monica Mæland og Nikolai Astrup.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads