Paul Due
norsk arkitekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paul Due (13. august 1835–26. februar 1919) var ein norsk arkitekt, fødd i Kristiansand og død i Kristiania (Oslo). Han tok utdanning i ingeniørvitskap hjå Hannovers Polytechnikum i åra 1852–1856, og var i USA dei fyrste åra etterpå, der han mellom anna arbeidde for militærmakta for Sørstatane under borgarkrigen. Han kom attende til Noreg i 1865, og teikna 23 bygningar i Drammen etter ein storbrann i byen i 1866.

I 1870 tok han til å samarbeide med arkitekt Bernhard Steckmest, og saman skipa dei firmaet Due & Steckmest. Her var det ofte Steckmest som stod for teikninga, medan Due hadde det administrative ansvaret og stod for arbeidet med byggesakene. Mange av dei kjente bygningane som vart reist i Kristiania i denne perioden, var det dei som stod attom. I åra 1891–1910, då samarbeidet med Steckmest var avslutta, arbeidde Paul Due som arkitekt for Noregs statsbaner, og teikna mange av dei stasjonsbygningane som vart reiste i denne perioden.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads