Paul Pogba

fransk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Paul Pogba
Remove ads

Paul Labile Pogba (fødd 15. mars 1993) er ein fransk fotballspelar frå Lagny-sur-Marne i Seine-et-Marne-departementet som spelar for den engelske klubben Manchester United.[3]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Frå 2012 til 2016 spelte han sentralt på midtbana til italienske Juventus. Han har delteke i 37 landskampar for Frankrike i tida 2013-16 og skåra seks mål.

Pogba fekk kontrakt med den engelske klubben Manchester United då han var 16 år gammal, og spelte nokre få kampar for laget i 2011/12-sesongen. Sommaren 2012 valde han å gå til Torino-klubben Juventus og vart seriemeister dei fire fyrste åra han spelte i klubben. I 2015 og 2016 var han attpåtil nasjonal cupvinnar. Han var også med då Juventus tapte finalekampen i Meisterligaen 2015 mot FC Barcelona.

Pogba var fast i fyrstellevaren då Frankrike deltok i fotball-VM 2014 i Brasil, og sameleis då Frankrike var vertsland til EM i fotball 2016.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads