Peder Andersen

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Peder Andersen (1. oktober 181329. mars 1873) var ein norsk lærar, gardbrukar, emissær og stortingsmann frå Bardu i Troms.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Andersen var son av ein gardbrukar i Bardu. Han gjekk aldri på skule i barneåra, lesing og rekning lærde han seg heime. Dei fyrste øvingane i skriving og rekning skal ha foregått med kol på høvla trestykke. Han vart lærar og frå 1847 gardbrukar på Moen i Bardu.

Andersen var den fyrste ordføraren i Bardu og elles med i forlikskommisjonen. Om vintrane reiste han fleire år som emissær for indremisjonen og for heidningmisjonen. Nokre vintrar under lofotfisket var han styrar av forsamlingshuset på Kalle i Lofoten.

Både for 1868-69 og 1871-73 var han 2. representant frå Tromsø amtStortinget. Heile tida var han medlem av budsjettkomiteen. Andersen døydde i 1873 under stortingsopphaldet i Christiania.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads