Bardu kommune

kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Bardu kommunemap

68°51′37″N 18°21′03″E

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Bardu kommune
kommune
Thumb
Thumb
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Setermoen
Areal 2 704 km²
   land 2 530 km²
   vatn 174 km²
Folketal 3 961  (1. januar 2025)
Målform nøytral
Ordførar Toralf Heimdal (Sp)
Kommunenr. 5520
Thumb
Bardu kommune
68.86058°N 18.35053°E / 68.86058; 18.35053
Thumb
Kart som viser Bardu kommune.
Kart som viser Bardu kommune.
Wikimedia Commons: Bardu
Nettstad: www.bardu.kommune.no
Lukk

Bardu kommune (nordsamisk Bearddu suohkan, kvensk Perttulan komuuni) er ein innlands- og fjellkommune i Troms fylke. Kommunen grensar til kommunane Sørreisa og Målselv i nord, til Salangen og Lavangen i vest og til Narvik kommune i sør. I sør og aust ligg Kiruna kommune i Sverige. Namnet Bardu skal komme frå det norske mannsnamnet Bardo som igjen kjem frå det gammalnorske namnet Bergþórr. At eit vanleg personnamn har fått ein slik omfattande bruk blir forklart med at namnet Bardu står som ei forkorting for Bardudalen og at ein av dei første nybyggarane i denne dalen må ha hatt dette namnet.[1]

Bardu kommune ligg i fleire samanhengjande dalføre mellom fjella i Indre Troms og har nærare 4000 innbyggjarar. Den administrative og politiske leiinga er i kommunesenteret Setermoen.

Forsvaret har sidan 1898 hatt ei omfattande verksemd i kommunen og er den største arbeidsgjevaren. Bardu er også vasskraftkommune med fleire store kraftverk langs Barduelva.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet viser ein svart jerv på gul botn. Jerven er eit symbol på dei store skogane og det rike dyrelivet i kommunen.

Historie

Thumb
Bardudalen med Barduelva i retning Setermoen

Etter at flaumen Storofsen råka mellom anna det indre Austlandet hardt sommaren 1789 sette fogden i Senjens og Tromsø fogderi, Jens Holmboe, i gang eit stort arbeid for å få gje folk som hadde kome ille ut, ein ny start som busetjarar i Bardu. Det vart starten på ei stor tilflytting av folk frå Østerdalen og Gudbrandsdalen på 1700- og 1800-talet til Indre Troms.

Bardu kommune vart oppretta som eigen kommune i 1854, då han vart skild ut frå Ibestad kommune.[2]

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for Bardu kommune frå 1855:

Meir informasjon 1.12.1920, 1.12.1930 ...
1855[3] 1900[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
757 1646 1758 1828 2355 2509 3652 3923 4058 3828 3845 3949
Lukk

Tettstad i kommunen

  • Setermoen - 2 540 innbyggjarar per 1. januar 2024

Kyrkjer, kapell og kyrkjegardar

Bardu kyrkje som stod ferdig i 1829, er den einaste kyrkja i kommunen. Eit kyrkjelydshus vart ført opp i tilknyting til kyrkja i 1993.

I tillegg er det tre kapell i kommunen, eitt i kvart dalføre; Nedre Bardu kapell, Øvre Bardu kapell og Salangsdalen kapell.

Det er åtte større og mindre kyrkjegardar og gravlundar i kommunen.

Politikk

Kommunestyrevalet 2019

Meir informasjon Parti, Prosent ...
Parti Prosent Stemmer Plassar i by-/kommunestyret Medlemmer i
formannskapet
% ± totalt ± totalt ±
Senterpartiet 62,9 +29,4 1 352 +744 12 +6 5
Arbeidarpartiet 19,7 −17,8 424 −258 4 −3 1
Høgre 10,7 −9,3 231 −133 2 −2 1
Venstre 3,5 −0,8 76 −3 1
Framstegsspartiet 3,1 −1,6 67 −18 −1
Valdeltaking/Total 69,8% 2 173 19 7
Ordførar: Toralf Heimdal (Sp) Varaordførar: Rikke Håkstad (Sp)
Lukk

Folk frå Bardu

  • Lil Halima, musikar, låtskrivar, eigentlege namn Lillian Halima Anderssen[7]

Venskapsbyar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.