Peder Rosenkilde
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peder Valentin Rosenkilde (6. august 1772–10. juni 1836) var ein kjøpmann, reiar, stadshauptmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Stavanger.
Rosenkilde var son av ein kjøpmann i Stavanger. I yngre år gjekk han i handelslære i Hamburg. Seinare overtok han handelshuset Rosenkilde etter faren. Han var elles stadskaptein og sjef for borgarvæpninga i Stavanger.
Rosenkilde satsa i første omgang på handel med korn og salt, etter kvart kom skipsfart til å verte sentralt i verksemda hans. Han skaffa seg ei rekke fartøy, og eigde eit skipsverft i Østre Havn.
I 1812 reiv Rosenkilde den gamle kjøpmannsgården i Nedre Strandgate for å bygge nytt. Då dagens Rosenkildehus stod ferdig eit drygt år etter, vart det taksert høgre enn domkyrkja i Stavanger.
Rosenkilde møtte på riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som utsending frå Stavanger by. Han høyrde der til sjølvstendepartiet, og fekk plass i finanskomitéen som skulle vurdere statsfinansane. Saman med Niels Aall og Wilhelm F. K. Christie var han medlem av deputasjonen som riksforsamlinga sende til England for å tale Noregs sak.
Han representerte Stavanger også på Stortinget i 1821 og det overordentlege storting i 1822. I 1821 var han medlem av 14 komitéar, mellom anna om fisket i Borgundfjorden, om fisket ved Skudesnes, om sildehandel i Bergen, om hummarfisket, om frihamn i Kristiansand og om vernepliktslova.
Rosenkilde vart slått til riddar av Dannebrog for innsatsen sin for fedrelandet.
Remove ads
Kjelder
- Aurenes, Ola:Rogalendingar og ætter
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- www.eidsvoll1814.no
- Biografisk informasjon om Peder Rosenkilde ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
