Myrkleggslekta

planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Myrkleggslekta
Remove ads

Myrkleggslekta (Pedicularis) er ei slekt av eitt-, to- og fleirårige blomsterplantar. Slekta blir no rekna til snylterotfamilien, men før omklassifiseringane i maskeblomfamilien høyrde slekta til der.

Kjappe fakta

Det vitskaplege namnet Pedicularis kjem frå latin pediculus, som tyder ‘lus’.[1] På engelsk er fleire av artane i slekta kjende som lousewort, ‘luseurt’, fordi ein meinte at dyr som åt desse plantane kunne koma til å plagast med lus.[2][3]

Plantane i slekta er glatte eller hårete halvparasittiske urter. Stilken er opprett. Blada sit som oftast spreitt, men kan òg sitja motsett eller kransstilt; dei er som regel fjørflikete. Blomane sit i endestilte aks. Blomane er raud-, gul- eller meir sjeldan kvitfarga. Krona har to lepper; den øvste minner om eit nebb eller ei hette, medan den nedste har tre flikar. Det er fire pollenberarar.

Blomane er tilpassa pollinering av bier og har landingsplattform, sterke fargar og mykje nektar. Den viktigaste pollinatoren er humler (Bombus), og utbreiinga til myrklegg og humler overlappar nesten heilt.

Slekta har ei vid utbreiing i kjølige område og fjellstrøk på den nordlege halvkula, og det er òg éin art i Andesfjella. Artsrikdommen er størst i fjella i sørvestre Kina, og heile 271 artar er endemiske for Kina.

Remove ads

Artar i Noreg

Thumb
Kongsspir

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads