Leppeblomordenen
planteorden From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leppeblomordenen (Lamiales) er ein orden i korgplante-kladen Asteridae, som er tofrøblada blomsterplantar. Velkjende medlemmer av denne gruppa er askeslekta, sjasmin, lavendel, oliven, syrin, teak og fleire krydderplantar som basilikum, mynte og rosmarin.
Remove ads
Familiar
Leppeblomordenen omfattar i APG II-systemet 22 familiar. Den tidlegare vasshårfamilien (Callitrichaceae) er her rekna som ein underfamilie av den reviderte kjempefamilien (Plantaginaceae). Familiane er:
- Akantusfamilien (Acanthaceae)
- Trompettrefamilien (Bignoniaceae)
- Byblidaceae
- Tøffelblomfamilien (Calceolariaceae)
- Carlemanniaceae
- Fagerblomstfamilien (Gesneriaceae)
- Leppeblomfamilien (Lamiaceae)
- Blærerotfamilien (Lentibulariaceae)
- Martyniaceae
- Carlemanniaceae
- Myoporaceae
- Oliventrefamilien (Oleaceae)
- Snylterotfamilien (Orobanchaceae)
- Paulowniaceae
- Sesamfamilien (Pedaliaceae)
- Gjøglarblomfamilien (Phrymaceae)
- Kjempefamilien (Plantaginaceae)
- Plocospermataceae
- Schlegeliaceae
- Brunrotfamilien (Scrophulariaceae)
- Stilbaceae
- Tetrachondraceae
- Jernurtfamilien (Verbenaceae)
Den tidlegare maskeblomfamilien, i sitt tradisjonelle omfang, var ei stor gruppe som har gått gjennom store taksonomiske endringar og reklassifiseringar. Med APG II-systemet i 2003 blei gruppa igjen kraftig endra, ved at nesten alle slektene blei overførte til anten den reviderte kjempefamilien (Plantaginaceae) eller snylterotfamilien (Orobanchaceae).
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lamiales» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2014.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads