Pelée
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Montagne Pelée eller berre Pelée er ein 1394 meter høg aktiv stratovulkan på nordsida av øya Martinique i Karibia.[1] Han hadde eit kraftig utbrot i 1902 og eit mindre i 1929.[2] Namnet «Pelée» tyder 'skalla'.[3]
Remove ads
Utbrotet i 1902

8. mai 1902 eksploderte vulkanen. I løpet av eit par minutt ramma pyroklastiske straumar byen Saint-Pierre. Byen blei heilt øydelagd. Nær 30 000 menneske omkom.[4] I Saint-Pierre overlevde berre to personar. Dette er den verste katastrofen i samband med vulkanutbrot i historia til Karibia.[5]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads