Pellworm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pellworm (dansk Pelvorm, frisisk Polweerm eller Pälweerm) er ei av Dei nordfrisiske øyane i Nordsjøen ved kysten av Tyskland. Ho er ein del av landkreis Nordfriesland i delstaten Schleswig-Holstein, og har eit areal på 37 km² og om lag 1 100 innbyggjarar.
I mellomalderen var Pellworm del av ei større øya kalla Strand, som vart delt i fleire delar av Burchardiflaumen i 1634. Andre restar av Strand er Nordstrand og Halligen.
Pellworm har ferjesamband med naboøya Nordstrand, som igjen er forbunde til fastlandet via ei vegfylling.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pellworm» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads