Pengeurt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pengeurt
Remove ads

Pengeurt (Thlaspi arvense) er ein eittårig plante i krossblomfamilien.

Kjappe fakta

Planten vert 10-50 cm høg, og har oftast ugreina, snau stengel utan bladrosett. Kronblada er kvite. Blada er tanna, grøngule med spisse bladøyro som sluttar seg om stengelen, og som visnar nedanfrå etterkvart som planten veks. Frøa mognar i talrike, 10-15 mm breie skulper, kvar med om lag ti frø.

Han veks som åkerugras og i vegkantar og sandstrender, i Noreg frå låglandet opp opp til 1050 moh. Han er sjeldnare lengst nord, men er funnen på Svalbard. Elles er han spreidd over store delar av verda.

Planten har sterk, laukaktig lukt som kan gje usmak på mjølka om kyrne et for mykje av han.

Pengeurt er ein kulturplante som har følgd jordbrukskulturen. Han kom til Noreg frå Europa for eit par tusen år sida. Opphavleg kom han truleg frå Sentral-Asia.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads