Per Ratvik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Per Ratvik
Remove ads

Per Johannes Ratvik (2. desember 191321. november 1957) vart fødd i Borgund kommune (i dag Ålesund). Under andre verdskrigen var han Linge-soldat, seinare redaktør og forfattar, og arbeidde med film. Før krigen hadde han vore aktiv i foreiningslivet i Ålesund, og tilsett som kasserar ved Møre mjølkesentral.

Kjappe fakta
Thumb
Per Ratvik, truleg fotografert under eit telegrafikurs i Storbritannia i åra 1943-1944.

Etter at Noreg vart okkupert 9. april 1940, vart han med i kampane mot dei tyske styrkane. Deretter drog han til Skottland, så til England og byrja å jobbe i Nortraship i London. Etter kvart vart han med i Kompani Linge, og fekk der utdanning innan propaganda og informasjonsarbeid, i tillegg som telegrafist. Den siste krigsvinteren vart han utstasjonert i Sogn og Fjordane for å opprette ein aktiv kommunikasjonslinje frå fylket til England.

Etter krigen redigerte Ratvik bøkene om Kompani Linge, saman med Ragnar Ulstein og Erling Jensen. Han skreiv òg fleire filmmanus, og sto mellom anna for filmen Haakon VII – Norges konge i krig og fred[1], som kom ut i samband med kong Haakon sin åttiårsdag. Ratvik skreiv dessutan dikt og noveller[2], i tillegg til filmmanus.

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads