Periferieininga Tríkala
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Periferieininga Tríkala (gresk Περιφερειακή ενότητα Τρικάλων, Periferiakí enótita Trikálon) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Tríkala. Tríkala vart oppretta som eit prefektur i 1881 og Kardítsa vart skild ut i 1947. Tríkala ligg nordvest for byane Aten og Kardítsa, aust for Ioánnina og Métsovo, sør for Grevená, sørvest for Thessaloníki og vest for Lárisa. Av periferieiningar grensar Tríkala til Kardítsa i sør, Árta i sørvest, Ioánnina i vest, Grevená i nord og Lárisa i aust.
Remove ads
Administrativ inndeling
Tidlegare var Tríkala eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]
Remove ads
Geografi
Tríkala inneheld ein del av Den thessaliske sletta i sør og aust. Píndosfjella dominerer i vest. Dei nordlege områda er òg fjellkledd. Den største elva, Piniós, renn i sør.
Historie
Området rundt Tríkala var i antikken ein del av Kongedømet Makedonia, før romarane tok over. Seinare vart det styrt av Austromarriket, Stor-Vlakhia og til slutt Det osmanske riket. Under tyrkarane sitt styre vart området påverka av den greske sjølvstende krigen i 1881. Fleire landsbyar vart flytta for å halde seg skjult frå tyrkarane og området vart til slutt ein del av Hellas i 1881. Periferieininga inkluderte Kardítsa fram til 1947.
Byar og tettstader
Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Remove ads
Referansar
Kjelde
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads