Perleugle

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Perleugle
Remove ads

Perleugla er mellom dei mindre norske ugleartane og kan verta funnen i Trøndelag og på Aust- og Sørlandet. Arten liker best gamal barskog, og lever i store delar av Eurasia og Nord-Amerika.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Perleugla vert opptil 25 cm lang og kan vega opptil 160 g. Fjørdrakta er gråbrun med store kvite flekker på oversida, undersida er lysare. Ungfuglar er heilt brune.

Hekking

Perleugla hekkar frå mars til juni, og nyttar som regel reirhòl frå større hakkespettar. Hoa legg 3-7 egg og rugar dei i underkant av ein månad. Ungane vert verande hjå foreldra i litt over 30 dagar.

Galleri

Kjelder

  • Nicolay, Singer & Wothe: Fugler, Cappelens naturhåndbøker


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads