Pérotin

fransk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Pérotin (Perotinus), òg kjend som Magister Perotinus eller Perotinus magnus (fødd mellom 1150 og 1165, død mellom 1200 og 1225) var magister ved klosterkyrkja og katedralen Notre-Dame i Paris og den viktigaste komponisten i Notre Dame-skolen.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Alt ein veit om han er basert på utsegner frå Johannes de Garlandia (kring 1240) og Anonymus IV (etter 1279) og ifølgje Anonymus IV er Pérotins musikkhistorisk viktig på grunn av vidareutviklinga av tostemt organum frå forgjengaren Léonin til organum triplum og organum quadruplum (tre og fire stemmer).

Eit viktig trekk ved komposisjonsstilen hans er å ta ein enkel og velkjent melodi og strekke han ut i tid til kvar staving vert hundrevis av sekunder lange og så bruke kvar note av melodien (tenoren, latin for «halde» eller cantus firmus) som eit grunnlag for rytmisk komplekse, samanvevne linjer over cantus firmus. Resultatet var at ein eller fleire vokalstemmer song frie linjer (diskant) som flytta seg raskt over den langsame, flytande bordunen.

Verka til Pérotin er bevarte i Magnus Liber Organi.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads