Mellomaldermusikk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Musikk i mellomalderen er musikk frå perioden mellom om lag år 500 og 1400. Musikken er i stor grad anonym og er i størstedelen av perioden dominert av kyrkjeleg musikk, særskild gregoriansk song. Først ved 1300-talet vart det vanleg at komponistnamnet følgjer musikken. På omtrent same tid vart fleirstemd musikk populært og då spelar omgrepet ars nova ei markant rolle.

Klassisk musikk
Mellomaldermusikk (476 1400)
Renessansen (1400 1600)
Barokken (1600 1760)
Rokokko (1720 1770)
Wienerklassisismen (1730 1820)
Romantikken (1815 1910)
Remove ads

Kunstmusikk/kyrkjemusikk

Kunstmusikk frå mellomalderen er stort sett einstydande med kyrkjemusikk, fordi det var denne musikken som vart sett på som viktig nok til å noterast ned, etter som det var både tungvint og dyrt å notere på pergament på denne tida. Det fanst derimot òg ein rik kultur av verdsleg musikk.

Framvekst av musikk-notasjon

Eit viktig trekk ved det ein tenker på som klassisk musikk, er at han er notert ned på notar. Det moderne notasjonssystemet for musikk har røter i kyrkjemusikken i mellomalderen. Det vart etterkvart viktig å notere ned standardrepertoara i kyrkjemusikken, den gregorianske songen, og neumene, forløparen til moderne notasjon, vart utvikla.

I perioden 1170-1250 var Notre Dame-kyrkja i Paris eit viktig senter for komponert fleirstemmig musikk. Viktige komponistar var Leonin og Perotin. Dei nytta neumer, og eit rytmisk system som vert kalla modalnotasjon.

Ars antiqua

Perioden frå 1250-1300 vert kalla ars antiqua. I denne perioden voks fleire sjangrar fram, som motett, den polyfone cantilenaen, og teknikken hoquetus. Det viktigaste var kanskje at den moderne måten å notere rytme på gradvis vart utvikla.

Ars nova

1300-talet vart skildra alt i samtida som ars nova (Den nye kunsten). Italia opplevde ein velstandsperiode, og utvikla eit rikt kulturliv. I Italia vert epoken skildra som trecento. Den klassiske musikken byrja til ein viss grad å lausrive seg frå kyrkja.

Italienske komponistar:

Franske komponistar:

Musikkformer:

  • Franske Chanson-former: rondeau, virelai, ballade
  • Isorytmisk motett
  • Macheaut's Messe de Nostre Dame, den første komplette gjennomkomponerte messa.
Remove ads

Tidslinje over komponistar i mellomalderen

John DunstapleLeonel PowerOswald von WolkensteinJohannes CiconiaJacob SenlechesJacopo da BolognaFrancesco LandiniGuillaume de MachautPhilippe de VitryDinis av PortugalFranco of CologneAdam de la HalleGuiraut RiquierAlfonso X av CastillaGautier de CoincyWalther von der VogelweideGaucelm FaiditLéoninPérotinBernart de VentadornHildegard von Bingen

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads