Pete Knutsen

norsk musikar og plateprodusent From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Pete Knutsen (fødd 9. desember 1947) er ein norsk musikar (piano, gitar, bass), arrangør, plateprodusent og komponist.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han spelte tangent og gitar i banda Arman Sumpe D.E. (1972), Popol Vuh (1970–1976) og Popol Ace (1976–); desse samarbeida gav ut fleire album. Seinare han han medverka (på gitar) i Frode Thingnæs Quintet, medverka som musikar og arrangør for ulike bidrag i Melodi Grand Prix (òg som dirigent, 1989/1990/1991/1994), på utgjevinga med Wenche Myhre (Dagen er din, 1990), Vamp (Siste stikk (2005) og med KORK, 2006), og Scandinavia (Alle mann til pumpene, 2006).

Han har òg samarbeidd med Tobben og Ero, Pjokken Eide, Kåre Virud, Per Elvis Granberg, Kristoffer Bøhrs, New Jordal Swingers, Terje Formoe, Rune Sundby, Birgitte Grimstad, Svein Finjarn, Inger Lise Rypdal, Jahn Teigen, Ellen Nikolaysen, Dollie De Luxe, Hanne Krogh, Tor Endresen, LASA, Trond-Viggo Torgersen, Randi Hansen og Hilde Heltberg.

Knutsen var filmkomponist til filmane Operasjon Cobra (1978) og Carl Gustav, gjengen og parkeringsbandittene (1982), begge frå Norsk Film. Han har òg hatt fleire engasjement i NOPA. Under Spellemannprisen 1979 fekk han diplom som spesialpris.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads