Peter Bonetti
britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peter Philip Bonetti (27. september 1941–12. april 2020) var ein engelsk fotballspelar frå London. Han var målvakt for Chelsea FC i tida 1960 til 1979 og spelte 600 ligakampar for klubben, bortsett frå tre sesongar i andre divisjon deltok han på høgste nivå i ligaen.
Remove ads
Karriere
Klubbspel
Bonetti var med om å vinne ligacupen 1965 og tape FA-cupfinalen 1967. Høgdepunkta i karrieren kom då Chelsea vann FA-cupfinalen 1970 over Leeds United med 2-1, og då han og lagkameratane den 21. mai 1971 vann med dei same siffera over Real Madrid i finalen i Cupvinnarcupen. Begge desse finalesigrane kom gjennom omkampar.
Landslagsspel
Bonetti spelte 7 landskampar for England i tida 1966-1970. Både under VM 1966 og VM 1970 var han med i den engelske troppa, men deltok berre i kvartfinalen mot Vest-Tyskland under Mexico-VM, ein kamp England tapte med 2-3.
Merittar
- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1971 med Chelsea FC
- Vinnar av FA-cupen: 1970 med Chelsea FC
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1965 med Chelsea FC
- Finalist i FA-cupen: 1967 med Chelsea FC
- Finlist i den engelske ligacupen: 1972 med Chelsea FC
Han var son til innvandrarar frå Sveits.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Peter Bonetti» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2021.
- eu-football
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads