Peter Clack
australsk trommeslagar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peter Clack er ein australsk trommeslagar som i ti månader var ein tidleg medlem av hardrockbandet AC/DC. I april 1974 slutta han seg til Malcolm Young (rytmegitar), Angus Young (sologitar), Dave Evans (solovokal) og Rob Bailey (bassgitar).[1] Han dukkar opp i tidlege videoopptak av AC/DC, Last Picture Show Theatre-videoen av «Can I Sit Next to You Girl». Clack var medlem av bandet under innspelinga av debutalbumet High Voltage, men dei fleste trommespora vart spelt inn av Tony Currenti. Clack heldt fram med AC/DC fram til januar 1975 då han vart sparka saman med Bailey, og Clack sin permanente erstattar vart Phil Rudd.[1]
Remove ads
Før han byrja i AC/DC hadde Clack spelt med Bailey i Flake. Peter var trommeslagaren i Allan Hessey Big Band. Frå november 2011 spelte han med det Melbourne-baserte bandet Raw Sylke.[2] Han er no trommelærar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads