Peterborough
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peterborough er ein by og eit administrativt distrikt, med status både som city og sameint styresmakt, i Cambridgeshire i England. Byen ligg 55 km nordaust for Northampton med kring 140 000 innbyggjarar.
Byen ligg ved elva Nene, i eit lågtliggande og flatt område, vest for The Fens. Distriktet omfattar nokre landsbyar, som Wittering og Thorney. Byen er eit jernbaneknutepunkt og eit handelssentrum med teglverk, jernbaneverkstadar, maskin- og næringsmiddelindustri. Byen er eit anglikansk bispesete. Katedralen, som vart innvigd i 1238), er bygd i seinnormannisk stil.
Byen voks opp omkring eit benediktinarkloster frå 655, vart herja av vikingar på på 800- og 1000-talet og øydelagd av brann i 1117. Peterborough fekk status som new town i 1967.
Byen Peterborogh har eit eige fotballag som heiter Peterborough United FC. Dei spelar i Coca-Cola Championship, som er det nest øvste nivået i engelsk fotballiga.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Peterborough» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2011.
«Peterborough» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads