Petter Hugsted
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alf Petter Hugsted (11. juli 1921–16. mai 2000) var ein norsk skihoppar. Han var både fødd og døydde på Kongsberg.
Remove ads
Karriere
Hugsted vart olympisk meister i hopp i under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, føre Birger Ruud på sølvplass og Thorleif Schjelderup på bronseplass. Hugsted hoppa 65 meter i fyrste omgang og 70 meter i andre omgang, det lengste hoppet i tevlinga. Alle dei norske medaljane kom etter klart høgre stilkarakterar enn for dei sterkaste, utanlandske konkurrentane. Hugsted fekk 18 og to gongar 18,5 poeng i teljande karakterar for fyrstehoppet og tre gongar 19 for andrehoppet. Finnen Matti Pietikäinen hoppa 69,5 og 69 meter, men tapte totalt 12 stilpoeng i høve til Hugsted og hamna på fjerdeplass i tevlinga. For prestasjonen i OL-bakken vart Hugsted tildelt 'Sportsjournalistenes statuett' for 1948, den aller fyrste som vart utdelt. Han var også med i Ski-VM 1950 i Lake Placid, enda då på sjuandeplass, endå om han var berre femte beste nordmann.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
- 1948: Gullmedalje under OL i St. Moritz. Nr 3 i Holmenkollrennet
- 1950: Nr 7 i VM i Lake Placid. Nr 3 i Holmenkollrennet
- 1951: Nr 13 i Holmenkollrennet
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- 1946: Nr 9
- 1947: Nr 6 i Tistedalen
- 1948: Nr 5 på Lillehammer
Remove ads
Kjelder
- P. Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. Oslo, 1957.
Bakgrunnsstoff
- 14. mars 1948 - Petter Hugsted ble nr 2 i Bergensbakken Arkivert 2012-02-05 ved Wayback Machine., Historien om en hoppbakke
- http://www.kongsberg.kommune.no/kultur/gater/data/petter_hugsted_vei.htm Arkivert 2008-06-13 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads