Peucaea
slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peucaea er ei biologisk slekt av sporvefuglar med utbreiing konsentrert om Mexico og dels inn i sørlege USA. Slekta er medlem av amerikasporvfamilien, Passerellidae.
Remove ads
Skildring
Peucaea-sporvane har fjørdrakt i grått og brunt med streka overside, ofte skildra som ein typisk «sporv». Nokre har svarte teikningar ved hovudet. Kroppslengda er rundt 15 centimeter, med variasjonar. Stripehovudsporv, Peucaea ruficauda, kan bli opptil 19,5 cm. For artar der det finst informasjon om føde veit ein at dei er insektetarar som òg kan ta frø og anna vegetabilsk og animalsk føde. Fleire artar er endemiske for eller nær endemiske for Mexico. Apasjesporv, Peucaea cassinii, lever i Mexico og nordover i sørlege og sentrale USA, opptil sørvestre Wyoming. Arten er trekkfugl innanfor dette området. Palmettosporv, Peucaea aestivalis, er endemisk for USA, i stor grad i Florida og nordover der dei nordlegaste fuglane er trekkfuglar.
Remove ads
Artslista
Peucaea i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Tornsporv, Peucaea carpalis, Rufous-winged Sparrow, Coues, 1873, (LC)
- Kanelhalesporv, Peucaea sumichrasti, Cinnamon-tailed Sparrow, Lawrence, 1871, (NT)
- Stripehovudsporv, Peucaea ruficauda, Stripe-headed Sparrow, Bonaparte, 1853, (LC)
- Beltesporv, Peucaea humeralis, Black-chested Sparrow, Cabanis, 1851, (LC)
- Tyglesporv, Peucaea mystacalis, Bridled Sparrow, Hartlaub, 1852, (LC)
- Mestissporv, Peucaea botterii, Botteri's Sparrow, Sclater, 1858, (LC)
- Apasjesporv, Peucaea cassinii, Cassin's Sparrow, Woodhouse, 1852, (LC)
- Palmettosporv, Peucaea aestivalis, Bachman's Sparrow, Lichtenstein, 1823, (NT)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads