Phocoena
pattedyrslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Phocoena er ei biologisk slekt av fire små tannkvalar i nisefamilien, Phocoenidae.
Remove ads
Phocoena-artane blir maksimalt 1,5 til 2,30 meter lange. I motsetning til dei nærskylde delfinane har dei eit avrunda hovud, butt snute utan koniske tenner, men har i staden nåle- eller spadeforma tenner. Ryggsida deira er vanlegvis grå til mørkegrå, hos svartnise også svart, og hos brillenise blåsvart, medan buksida er lys eller hvitaktig. Overgangen mellom desse fargane kan vere uskarp eller tydeleg avgrensa som hos svartnisa og brillenisa.
Phocoena-artane skil seg frå indianise (Neophocaena phocaenoides) mellom anna ved at dei har ein ryggfinne, som ofte varierer i form innanfor same art og kan vere trekanta, sigdforma eller stor og avrunda. I motsetning til stillehavsnise (Phocoenoides dalli) har Phocoena-artane, med unntak av gamle hannindivid av svartnise, ikkje ein forhøgd halefinne.
- Utbreiing
- Brillenise
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads