Pictures of Home

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Pictures of Home» er ein song av det britiske hardrockbandet Deep Purple frå 1972 på albumet deira Machine Head. Det byrjar med ein trommeintroduksjon av Ian Paice og inneheld eit fartsfylt, drivande gitarriff og ei basslinje med fleire instrumentale soloar.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Historie

Ifølgje Classic Rock Review: «'Pictures of Home' er Deep Purple på sitt mest gripande, ein drivande rytme toppa av feiande vokal som pressar fram djupe lyriske motiv, alt aksentuert av Jon Lords distinkte, forvrengde hammondorgel. Glover får til og med ein kort bass-solo i midtpartiet før Blackmore varmar opp til avgang, før eit overraskande feilstopp og comeback gjer låten endå meir interessant».[2]

Ritchie Blackmore sa at han vart inspirert av ein kortbølgjeradiokanal, «truleg frå Bulgaria eller Tyrkia», då han skreiv hovudriffet. Teksten til Ian Gillan var eit resultat av studioparanoia og heimesjuke.

Det er den einaste songen frå Machine Head' som ikkje vart framført live under turnéen til Deep Purple i 1972.[3] Blackmore nekta å spela songen live. Etter at han vart erstatta av Steve Morse i 1994, har låten vorte eit fast innslag på konsertane deira. Han var opningslåt under heile Rapture of the Deep-turneen.[4]

I 2010 vart dokumentarfilmen Pictures of Home om Ian Gillan laga. Filmen er basert på opptaka som vart gjorde i oktober 2009 under besøket til rockestjerna i Armenia i samband med prosjektet «Armenia Grateful 2 Rock», og intervjua med Ian Gillan, som vart spelt inn i mars 2010.[5]

Remove ads

Andre versjonar

  • Yngwie Malmsteen på albumet Inspiration (1996)[6]
  • Barón Rojo på albumet Perversiones (2003)[6]
  • Pentti Hietanen på albumet On the Rocks (2005)[6]
  • Perfect Strangers (hyllestband for Deep Purple) på albumet Live in Klagenfurt (2007)[6]
  • Jon Lord på albumet Live (2011)[6]
  • Black Label Society på albumet Re-Machined: A Tribute to Deep Purple's Machine Head (2012)[6]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads