Pied
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pied eller pied de roi, òg kalla parisarfot, er ei gammal fransk måleining for lengd som var i bruk frå Ludvig XIV si tid og fram til 1793. Ei stund etter den franske revolusjonen, frå 1812 til 1837, vart ein pied sett til 1/3 meter. Ein gammal fransk pied var kring 31 cm.
I den fransktalande delen av Canada nyttar ein pied om britisk foot. I Sveits er ein metrisk pied lik 30 cm. I portugisisktalande land var ein pé ca. 33 cm, medan ein i spansktalande land nytta pie som var ca. 28 cm. Eininga har opphavet sitt i pes som vart nytta i Romarriket som var ca. 29,6 m.
Remove ads
Kjelder
- Pied. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013 frå http://snl.no/pied.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads