Piggsvin

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Piggsvin
Remove ads

Piggsvin eller bustyvel (Erinaceus europaeus) er eit dyr i piggsvinfamilien som finst i nesten heile den palearktiske regionen, men berre sjeldan lenger nord enn 60°N,[2] og ikkje i Himalaya og Nord-Afrika. I Noreg har Artsdatabanken lista piggsvin sin status til nær truga (NT) frå 2021.

Kjappe fakta
Remove ads

Piggsvinet er eit dyr på om lag 20 cm med spiss snute og harde, kvasse piggar på ryggen. Det lever i skog-, landbruks- og nokre bustadsområde. Det er nattaktivt og går i hi om vinteren. Dyret lever av sniglar, makkar, biller og andre insekt, og kan òg eta froskar, små gnagarar, fugleegg og ungfuglar.

Thumb
Samankrølla piggsvin.

Eit skremt piggsvin vil krølla seg ihop til ein ball slik at piggane dekker heile dyret, og rovdyr ikkje klarer å skada det. Denne forsvarsmekanismen er kjent for å verka svært dårleg mot trafikk. Når dei går i dvale kan kroppstemperaturen søkke ned til ein grad celsius og nervane reagerer ikkje.

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads