Pil

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Pil er eit spisst prosjektil som kan skytast med boge, armbrøst eller blåserøyr eller kastast med handa. Ei pil er sett saman av ein pilspiss og eit skaft som ofte har styreflikar i enden.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Pil (fleirtyding).
Thumb
To piler

Pilspissen kan ha mange former. Han er oftast tilspissa og kan gjerne ha ein eller fleire mothakar. Han kan også vera ganske brei og butt, for at pila ikkje skal gjennombora eller skada det ho treff. Pilspissar har vore laga av ulike materiale gjennom tidene: Stein (særleg flint), bein, horn, hardt tre, bronse, jern eller andre metall.[1]

Skaftet er gjerne av slankt, rundt tre, i moderne tid som oftast av plast. Langs bakenden av skaftet er det gjerne festa smale, utståande flikar - styrefjører - som skal støtta den rette flukta til pila gjennom lufta. For at bogestrengen skal få feste, er det ofte eit hakk i enden av pila.[1]

Piler liknar gjerne på små spyd. Ordet «pil» (frå norrønt píla) er avleidd frå latin pilum, som tyder 'kastespyd'.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads