Pilaster

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pilaster
Remove ads

Pilaster er ein bygningsdel med form som ei halv søyle som er bygd inn som del av ein vegg.[1] Han er vanlegvis utspringande med basis og kapitel. Pilasteren kan brukast til forsterking av muren eller understøtting for arkitrav, bjelkar eller bogar. Ofte er han berre bruk som dekorasjon for å bryta ei daud flate.

Thumb
Gigantpilaster i korintisk stil, over to etasjar på ein 1800-tals-bygning i Avenue de l'Opéra i Paris.
Thumb
Pilaster på fasaden til rettsbygningen i småbyen Carrollton i Ohio, bygd 1885 i såkalla Second Empire-stil.

Ein pilaster kan ha ei enkel rektangulær form eller han kan ha ornament frå ein av søyleordenane. Om han går rundt eit hjørne blir han kalla hjørnepilaster. Går han over to etasjar, blir han kalla gigantpilaster eller kolossalpilaster. Gigantpilasteren var vanleg i manierismen og barokken. Han blei også brukt av Andrea Palladio.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads