Pireus prefektur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pireus prefektur (gresk Νομός Πειραιά, Nomós Pireá) var eit prefektur i Hellas. Det var ein del av periferien Attikí og storprefekturet Aten-Pireus. Hovudstaden i prefekturet var byen Pireus. Prefekturet dekte byområdet Pireus i den sørvestlege delen av storbyområdet til Aten, men inkluderte òg fleire øyar i Saroniabukta (som Salamína, Éjina og Póros), Méthana og Trizína på halvøya Peloponnes og øya Kýthira med Andikýthira sør for Peloponnes. Ved den administrative reforma i 2010 vart prefekturet delt i to periferieiningar, periferieininga Pireus, som dekkjer sjølve byområdet, og periferieininga Øyane, som dekkjer øyane og området på Peloponnes.
Remove ads
Administrativ inndeling
Frå 2011 er det tidlegare prefekturet delt i dei to periferieiningane Pireus og Øyane.[1]
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads