Pitcairn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pitcairn (engelsk Pitcairn Islands, pitkern Pitkern Ailen), offisielt Pitcairn, Henderson, Ducie and Oeno Islands,[1][2][3][4] er ei øygruppe aust i Stillehavet, som utgjer eit britisk oversjøisk territoium. Arealet er 62 km². Den einaste folkesette øya er Pitcairnøya, som er 4,6 km² stor. Dei andre, ubygde øyane, er Henderson (37 km²), Oeno (0,7 km²) og Ducie (0,65 km²). I januar 2020 hadde territoriet berre 47 fastbuande.[5]
Pitcairn er den minste politiske eininga i verda i folketal. Ibuarane er i hovudsak etterkomarar av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti, som kom hit med Bounty i 1790.
Remove ads
Historie
Det kan ha budd polynesiarar på øygruppa i fleire hundreår tidlegare, men dei var folketomme då dei blei oppdaga av europearar.[6]
I 1790 kom ni av mytteristane frå det britiske skipet HMS «Bounty» til øya, i lag med fleire tahitiarar (seks menn, 11 kvinner og ein baby). Dei brann skipet og slo seg ned på øya.
I 1856 utvandra heile befolkninga, på 193 menneske, til Norfolkøya då øya hadde vorte overfolka, men kort etter vende 42 av dei attende til Pitcairn.

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads