Pledd

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pledd
Remove ads

Pledd (frå engelsk plaid, kanskje opphavleg frå skotsk-gælisk plaide)[1] er eit tjukt teppe av ull, ofte med rutemønster.[2] Ein kan bruka pledd til å ha om seg eller oppå seg for å halda varmen, eller som underlag på ein piknik.

Thumb
Mops inni eit pledd.

Det engelske ordet plaid blei opphavleg brukt i Skottland om eit kyperbunde ullteppe som vanlegvis hadde eit rutemønster. Etterkvart har det gått over til å brukast om alle klede med slike rutemønster, eller om mønsteret i seg sjølv.[3] Ordet blir også brukt om eit langt, ruta eller stripa ullsjal som tradisjonelt er blitt brukt som skulderkappe i dei skotske høglanda.[2] Som full plaid er det del av den skotske nasjonaldrakta highland dress.

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads