Pleven

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pleven
Remove ads

Pleven (bulgarsk Плевен) er ein by og ein kommune i provinsen Pleven i Bulgaria, og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Pleven og Slavjanovo, i tillegg til 23 andre busetnader. Han ligg nord i landet, og er den sjuande største byen i Bulgaria.

Kjappe fakta Land, Provins ...

Kommunen har eit areal på 804 km².[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 113 131 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 92 101 innbyggjarar.[2]

Til storbyområdet for Pleven høyrer heile kommunen Pleven i tillegg til kommunane Dolna Mitropolija og Dolni Dăbnik.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 139 903.[2]

Internasjonalt er byen kjend for Omleiringa av Pleven i 1877, og er i dag eit stort økonomisk senter nordvest i Bulgaria. Han ligg 170 km frå hovudstaden Sofia og 320 km frå kysten av Svartehavet.

Remove ads

Historie

Thumb
Kart over slaget 11. og 12. september 1877

Namnet Pleven dukkar opp i eit historisk dokument for første gong i 1266, då det låg ei festning her. Arkeologiske utgravingar har vist at det har budd menneske i området i langt lengre tid. Under det første hundreåret etter Kristus tok romararne over staden og kalle byen Storgosia. Av slavarane fekk byen seinare namnet Kamenec. Namnet Pleven kjem frå 1200-talet. Under osmanarane var Pleven ein sterk festning og garnisonsby, som utvikla seg til eit viktig forvaltings-, handels- og handverkssentrum.

Byen var ein viktig krigsskueplass under den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878, då den russiske tsaren Alexander II heldt byen for å kunne frigje Bulgaria. Den russiske og rumenske hæren betalte dyrt for sigeren, men opna vegen for at Det osmanske riket tapte krigen og at Bulgaria kunne verte sjølvstendig.

Remove ads

Busetnader

Dei største busetnadene i kommunen er:

Meir informasjon Busetnad, Bulgarsk namn ...
Remove ads

Kjende personar frå Pleven

  • Lucy Diakovska, pop- og musikalsongar
  • Emil Dimitrov, songar og komponist
  • Georgi Kirkov, poet
  • Tereza Marinova, lengdehoppar
  • Svetlin Rusev, målar
  • Slavi Trifonov, underhaldar og songar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads