Pliska Ridge

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pliska Ridge
Remove ads

Pliska Ridge (Vrah Pliska) er ein rygg med tre toppar og ei høgd opp mot 667 meter over havet aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Den sentrale og høgaste toppen, Pliska Peak, ligg 2,48 km aust-nordaust for Willan Nunatak (449 m), 1,81 km søraust for Burdick Peak (773 m, toppen av Burdick Ridge), 3,53 km sør-sørvest for Mount Bowles, 3,68 km vest-sørvest for Kuzman Knoll og 3,61 km nordvest for Mount Friesland. Ryggen er 1,6 km lang og 500 m brei, og strekkjer seg frå aust til vest. Sørsida er stupbratt. Han er isdekt utanom somme område på austtoppen og grensar i nordvest til Orpheus Gate, i nord til toppen av Perunika Glacier, i aust til Nesebar Gap, og i sør og vest til Huntress Glacier.

Thumb
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.
Kjappe fakta Land, Stad ...

Han vart først klatra av bulgararane Ljubomir Ivanov frå Camp Academia den 18. desember 2004.

Pliska er namnet på ein busetnad nordaust i Bulgaria som på 600-talet vart hovudstad i Det første bulgarske riket.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads