Plymouth Sound
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Plymouth Sound er ei bukt i England ved Den engelske kanalen. Ho ligg utanfor byen Plymouth. Lokalt blir ho også berre kalla The Sound.
Remove ads
Skildring

Endane i sørvest og søraust er Penlee Point i Cornwall og Wembury Point i Devon, som ligg kring 3 nautiske mil (6 km) frå kvarandre. Nordgrensa er Plymouth Hoe, som gjev ei lengd frå nord til sør på kring 3 nautiske mil (6 km).
Bukta har tre vassinnløp. Havinnløpet frå Den engelske kanalen er i sør, med ein djupvasskanal vest for Plymouth Breakwater. Dei to ferskvassinnløpa er frå Tamarelva i nordvest via Hamoaze og Devonport Dockyard og frå Plymelva i nordaust i Cattewater harbour mellom Mount Batten og Royal Citadel.
Remove ads
Historiske hendingar

Napoleon Bonaparte blei halden her i juli og august 1815, ombord på skipet HMS «Bellerophon», etter kapitulasjonen sin etter slaget ved Waterloo.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads