Podiceps

From Wikipedia, the free encyclopedia

Podiceps
Remove ads

Podiceps er ei biologisk slekt av vassfuglar og medlem av dukkarfamilien, Podicipedidae. Dette er dukkarslekta med fleste medlemmer og med dei største dukkarane i «den gamle verda». Representantar hekkar i Europa, Asia, Nord-Amerika og Sør-Amerika. Dei fleste artar på den nordlege halvkula trekker til kysten eller til varmare klima om vinteren.

Kjappe fakta

Som alle dukkarar hekkar dei ved vasskanten, fordi dei ikkje er i stand til å gå godt på land med beina som er festa heilt bakpå kroppen. Vanlegvis legg dei to egg i kullet, og dei stripa ungane blir ofte frakta på ryggen av ein av foreldra.

Alle i slekta er gode symjarar og dukkarar, og forfølgjer fisk under vatn.

Vaksne har ei iaugefallande fjørdrakt, og kjønna er like. Om vinteren er fjørdrakta meir fargelaus i grått og kvitt.

Remove ads

Artslista

Nolevande artar i Podiceps i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.1, 2022,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Spydnebbdukkar, Podiceps major, Great Grebe, (Boddaert, 1783), (LC)
  • Gråstrupedukkar, Podiceps grisegena, Red-necked Grebe, (Boddaert, 1783), (LC)
  • Toppdukkar, Podiceps cristatus, Great Crested Grebe, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Horndukkar, Podiceps auritus, Horned Grebe, (Linnaeus, 1758), (VU)
  • Svarthalsdukkar, Podiceps nigricollis, Black-necked Grebe, Brehm, CL, 1831, (LC)
  • Sølvdukkar, Podiceps occipitalis, Silvery Grebe, Garnot, 1826, (LC)
  • Junindukkar, Podiceps taczanowskii, Junin Grebe, Berlepsch & Stolzmann, 1894, (EN)
  • Tiaradukkar, Podiceps gallardoi, Hooded Grebe, Rumboll, 1974, (CR)
Utrydda artar
  • Colombiadukkar, Podiceps andinus (Meyer de Schauensee, 1959), utrydda per 1977, levde i våtmarksområde nær Bogotá.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads