Podilsk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Podilsk (ukrainsk skrift Подільськ, rumensk Birzula) er ein by i Odessa oblast i Ukraina, det administrative senteret i Podilskyj rajon. Byen har kring 40 000 innbyggjarar (2011).
Byen var hovudstad i Den moldovske autonome sovjetiske sosialistrepublikken frå 1928 til 1929 under namnet Birzula. Den sovjetiske kommandanten Grigorij Kotovskij vart gravlagd i eit mausoleum i byen. I 1935 vart byen kalla opp etter han, som Kotovsk. Mausoleet vart sidan øydelagd under den rumenske okkupasjonen av Transistria i andre verdskrigen.
I mai 2016 blei byen omdøypt frå Kotovsk til Podilsk i tråd med det ukrainske forbodet mot namn av kommunistisk opphav.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads