Point of Ayr

From Wikipedia, the free encyclopedia

Point of Ayr
Remove ads

53°21′15″N 3°18′59″W

Thumb
Point of Ayr fyr ved Talacre.
Sjå òg Point of Ayre på Isle of Man og Point of Ayre på Orknøyane.

Point of Ayr (walisisk Y Parlwr Du) er det nordlegaste punktet på fastlandet i Wales. Det ligg like nord for Talacre i Flintshire, ved munningen til River Dee. Det ligg sørvest for Liverpool Bay i Irskesjøen. Området er eit fuglereservat og ein del av sanddyneområdet Gronant og Talacre, som har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særleg vitskapleg interesse).

I mange år vart det drive kolgruver her. Dei første gruvene opna i 1865 og vart lukka 23. august 1996.[1]

Point of Ayr er staden der naturgassen frå Irskesjøen vert ført i land.

Det står eit fyr på Point of Ayr frå 1776, men det har ikkje vore i drift sidan 1844. Det står på stranda Talacre ved munningen til River Dee.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads