Pokal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pokal
Remove ads

Pokal (frå gresk baukalis, 'kar', gjennom fransk og tysk) er eit høgt beger med stett som gjerne blir nytta som pyntebeger eller trofé i konkurransar eller som heidersteikn. Pokalar er ofte av sølv[1] eller glas.[2]

Thumb
Dobbelpokal frå Stuttgart frå rundt 1600.

I handverkslaug høyrde pokalar til dei laugsgjenstandane det knytte seg seremoniar til. Denne typen pokal kunne ein kalla velkomstar.[2]

Pokalar av glas blei brukt som drikkebeger ved festlege høve, mellom anna av borgarskapen i Noreg, på 1600- og 1700-talet.[3] Med inngravert skrift og andre dekorasjonar er glaspokalar også seinare blitt nytta som gåver ved særskilde høve.

Det engelske ordet for pokal, cup, blir ofte nytta om idrettskonkurranser.

Remove ads

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads