Polaritet i statsvitskap

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Polaritet er eit omgrep i internasjonal politikk som vert nytta for å forklåra maktfordelinga mellom land innanfor eit internasjonalt system. Ein pol i denne samanhengen vert rekna som eit politisk område, fyrst og fremst statar, som har innverknad på andre statar ved hjelp av økonomisk, militær og politisk makt. Polaritet tek ei konkret form via ulike globale institusjonar, til dømes: Verdsbanken, IMF, SN eller fleirstatlege militære samarbeid som NATO eller Warszawapakta.

Det finst tre ulike tilstandar ein kan nytta for å seia noko om korleis det internasjonale samfunnet vert styrt:[1][2]

  • Unipolar, ein verdensorden med éin enkelt, overveldande dominerande stat. T.d. USA på 1990-talet.
  • Bipolar, ein verdensorden der to statar deler nesten all makt mellom seg. T.d. USA og Sovjetsamveldet under den kalde krigen.
  • Multipolar, ein verdensorden der makta er jamt balansert mellom ulike uavhengige statar og politiske område, det vil seia mellom fleire stormakter. Det er konsensus om at verdsordenen for tida skiftar frå unipolar til multipolar.[3]
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads