Polarsnipe

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Polarsnipe
Remove ads

Polarsnipe, Calidris canutus, er ein mellomstor vadefugl i snipefamilien som hekkar sirkumpolarttundra. Dette er ein stor medlem av Calidris-snipene, berre sibirsnipe er større.[2] Seks underartar er anerkjente, alle er sterke trekkfuglar.

Kjappe fakta

Føda varierer med årstida, leddyr og larver er føretrekte matkjelder i hekkeområda, medan ulike blautdyr med hardt skal blir føretrekt andre stader til andre tider. Nordamerikanske hekkefuglar migrerer til kystnære område i Europa og i Sør-Amerika, medan den asiatiske populasjonar overvintrar i Afrika, Papua Ny-Guinea, Australia og New Zealand. Fuglane av denne arten dannar enorme flokkar når dei ikkje hekkar.

Remove ads

Utbreiing, biotop og taksonomi

Polarsnipa hekkar i kystområda på tundra lengst nord i asiatisk Russland, nordvestlege Canada, nordlege Grønland og Alaska. Det finst dessutan ein svært liten hekkebestand på Svalbard, og dette er dei einaste polarsnipene som ein veit hekkar i geografisk Europa.

Populasjonen av polarsniper er delt inn i seks underartar som lever isolerte:

  • Calidris canutus canutus, nominatforma hekkar på Tajmyrhalvøya.
  • Calidris canutus piersmai, hekkar på Nysibirøyane og er den minste underarten i storleik.
  • Calidris canutus rogersi, hekkar i austre Sibir inklusive Tsjuktsjarhalvøya.
  • Calidris canutus roselaari, hekkar på Vrangeløya og i nordvestre Alaska og er den største underarten.
  • Calidris canutus rufa, hekkar på lågarktisk tundra i Canada.
  • Calidris canutus islandica, hekkar på høgarktisk tundra lengst nordaust i Canada og på nordlege Grønland.

Polarsnipa er ein trekkfugl og overvintrar på gjørmete strender ved Atlanteren og Stillehavet, så langt sør som i Argentina, Sør-Afrika, Australia og New Zealand, men òg så langt nord som Vest-Europa. Vinterstid dannar dei svært store flokkar.

Underarten Calidris canutus islandica, som hekkar på Grønland og i nordaustre Canada overvintrar ved kystar av Frankrike, Storbritannia og Tyskland, samt i nederlandsk del av Vadehavet som ein av dei viktigaste lokalitetane, spesielt i myteperioden.[3] Underarten (Calidris canutus canutus) som hekkar på Tajmyrhalvøya, overvintrar i staden på kysten av Vest-Afrika og sør til Sør-Afrika, men rastar mellom juli og september også ved Vadehavet innan dei flyg det siste strekket til vinterlokalitetane. På same vis rastar denne underarten i mai, og då mest omkring kysten av Schleswig-Holstein ved Vadehavet, fram til dei held fram nord til Tajmyrhalvøya.

I Skandinavia

Store mengder av polarsniper passerer Noreg i trekktida, særleg i vårtrekket. Så mykje som 40 000 individ har vore registrert (estimat) ved Porsangerfjorden i mai.[3] Polarsniper på trekk nord langs Noreg har vore vurdert å vere av underarten Calidris canutus islandica på veg til nordaustre Grønland.[4] Den litle uregelbundne hekkebestanden på Svalbard er òg av denne underarten.[5] Polarsnipa treffest i Sverige på vår- og hausttrekket, men flest blir registrert om hausten. Underarten som trekkjer forbi Sverige er Calidris canutus canutus, men jamvel Calidris canutus islandica kan observerast i Sverige.[6]

Remove ads

Skildring

Thumb
Flygande juvenilar i Skottland.

Ei vaksen polarsnipe er den nest største Calidris-snipa, ho måler 23-26 cm og har 47-53 cm vengespenn. Kroppsforma er typisk for slekta, med eit lite hovud og små auge, kort hals og ein litt dolkeforma nebb som ikkje er lenger enn hovudet.[7] Dei har korte, mørk grøne bein og eit middels tynnt, mørkt nebb. Fjørdrakta om vinteren er jamt bleik grå, og er lik for begge kjønn. Den alternative, hekkedrakta, er marmorert grå på oversida med kanelfarga andlet, hals og bryst og lysare bakre buk. Kjønnsskilnaden i denne drakta er liten og omfattar at hoa er litt lysare og augelinja er mindre tydeleg på hoa enn på hannen. Canutus, islandica og piersmai er «mørkare» underartar. Underarten rogersi har ein lysare buk enn både roselaari og piersmai, og rufa har totalt sett lysaste fjørdrakta. Overgangen frå hekkedrakt til basisdrakta byrjar på hekkeplassen, men er mest tydeleg under trekket sørover. Fjørfellinga for å skifte fjørdrakt byrjar like før trekket nordover til hekkeområda, men skjer mest av alt under trekkperioden.[7]

Storleiken, kvite vengeband og grå gump og hale gjer det lett å identifisere denne arten i flukt. Når dei et einskildvis, gjev dei sjeldan læte, men når dei flyg i flokk læt dei eit lågt einstavings knott, og under trekket eit sterkare, tostavings kvik-ik.[8] Dei hekkar i fuktig tundra i juni til august. Kurtisen frå hannen omfattar det å sirkle høgt med skjelvande vengeslag og tumle ned mot bakken med vengene haldne opp. Begge kjønna rugar, men hoa forlèt når egga er klekte.[2]

Vekta varierer med underartar i området mellom 100 og 200 gram. Polarsniper kan doble vekta før trekket tar til. Som fleire andre trekkfuglar kan dei òg redusere storleiken på fordøyelsesorganet før migrasjon. Omfanget av atrofi er ikkje så tydeleg som blant lappspoven, sannsynlegvis fordi polarsnipa har fleire høve til å ta opp næring under trekket enn lappspoven.[9] Polarsniper er òg i stand til å endre storleiken sesongmessig på fordøyelsesorganet. Storleiken på kråsen aukar i tjukn når dei tar hardare føde i vinterområda og minkar igjen i storleik ved beite på mjukare føde i hekkeområda. Desse endringane kan skje svært raskt, på så lite som seks dagar.[10][11]

Remove ads

Åtferd

Thumb
Polarsniper som beitar på dolkehaleegg i Delawarebukta.
Foto: Gregory Breese/USFWS

I hekkeområda et polarsnipa mest edderkoppar, leddyr og larver som dei hakkar opp frå overflata. I overvintringsområda og ved rasting under trekket et dei ei rekkje byttedyr med hardt skal, slik som muslingar, sniglar og små krabbar som dei sluker heile og knuser i ein muskuløs mage.[7]

Om vinteren og under trekket, vandrar polarsniper i strandsoner og søkjer med det kjenslevare nebbet etter byttedyr som er skjulte i gjørma. Når tidevatnet er avtakande, har dei ein tendens til å hakke på overflata og i mjuk søle dei kan søkje med nebbet ned til ca. ein centimeter djupne. Austersjøskjel (Macoma balthica),[12] er det føretrekte byttedyret på europeiske kystar. Anna føde er hjarteskjel, Cardiidae, og blåskjel.[13] Dei svelgjer muslingane heile med skal, og bryt dei opp i kråsen.[14][12] I Delawarebukta beitar polarsniper stort på egg av dolkehalar som gyter nett når fuglane kjem midt på sommaren.[15] Dei er i stand til å oppdage blautdyr dekt under våt sand ved å kjenne endringar i vasstrykket med hjelp av spesielle nervar, Herbst corpuscles, i nebbet.[16] Under den korte hekkesesongen skifter polarsniper frå å beite taktisk etter skjult føde til å bli jegerar på synleg, tilgjengelege byttedyr som dei plukkar ved hakking.[17]

Forplanting

Thumb
Polarsnipeegg

Polarsniper er territoriale og sesongmessig monogame, det er ukjent om para held saman frå sesong til sesong. Det har vist seg at polarsniper som hekkar i Sibir er stadeigne og kjem til same lokaliteten frå år til år, men det er ingen prov for i kva grad dei viser territorial truskap. Hannar kjem fram før hoer etter trekket nordover og byrjar å hevde territorium. Så snart andre hannar kjem nær, vil dei aggressivt forsvare reviret sitt.[7]

Reiret er ei grunn senking på bakken fôra med lauv, lav og mose,[18] og det ligg nær vatn, vanlegvis i innlandet. Hannar etablerer tre til fire reirplassar i territoria sine før hoene kjem. Hoa legg tre eller meir vanleg fire egg, tilsynelatande i løpet av seks dagar. Begge foreldra rugar på egga, og deler rugepliktene likt. Den i paret som har fått avløysing beitar i flokk med andre av same arten. Rugetida er om lag 22 dagar. Klekking av kullet skjer vanlegvis synkronisert. Ungane er høgt utvikla ved klekking, dekt i dunete kamuflerande fjører. Ungane og foreldra flyttar seg bort frå reirplassen innan ein dag etter klekking og flokkar seg og byrjar beitinga saman med vaksne. Hoa forlèt hekkeplassen før ungane er flygedyktige, medan hannane blir att ei tid. Ungane gjer første trekket sitt på eiga hand.[7]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads